Sunnfjord og Ytre Sogn interkommunale legevakt
Velkomen til kursområdet for Sunnfjord og Ytre Sogn interkommunale legevakt.
Sunnfjord og Ytre Sogn interkommunale legevakt (forkorta SYSIKL), er eit interkommunalt legevaktsamarbeid eigd kommunane Askvoll, Fjaler, Høyanger, Hyllestad, Sunnfjord og vestre delar av Sogndal (gamle Balestrand kommune). I tillegg sel vi tenester til kommunane Bremanger, Kinn, Gloppen og Solund. Vi har legevaktslokaler, legevaktsentral og KAD-eining vegg-i-vegg med Førde sentralsjukehus. SYSIKL er legevaktsentral for ca 56.000 innbyggarar, dekkjer 10 legevakter i kontortid og 4 på kveld/natt/helg. I overkant av 34.000 innbyggarar mottek legevaktstenester frå legevakta i Førde.